mandag 18. oktober 2010

Historia om Glenn Anton


Tittel: Historia om Glenn Anton
Gitt ut: 1997
Forfattar: Thor Soltvedt
Sjanger: Roman
Sidetal: 195

Ein skildring av hovudpersonen
Glenn hadde mange problem. Det eine var at han stamma for mykje. Det andre var at han ikkje høyrde så bra, og han ville ikkje byrja med høyreapparat når han var begynt på vgs. Glenn røykte veldig mykje, og han drakk. Noko som ikkje var så bra. Glenn hadde ein ganske problematisk familie.

Glenn Antons familieforhold
  nyttårsaftan sat Glenn Anton heime. Glenn vart invitert på fest, men ville væra heime med sin far. Glenn og faren sat i stua og så på TV. Dei drakk juleøl, og faren til Glenn blei drita full. Glenn måtte hjelpa faren i seng. Glenn blei bare brisen. Moren til Glenn ringde til sønna sin.  Ho ringde frå Amerika, slik som ho pleie kvart år. Mora snakka norsk-amerikansk, og språket blei bare verre og verre. Faren til Glenn prøvde å ta sjølvmord heime.

Sammendrag av handlinga
Etter klokka fire får Glenn gjera det han vil i fengselet. Det han har gjort er å skriva ein helt sprø historie om seg sjølv. Han skriv om kvifor han sit i fengsel. Han skal sitte i fengsel i 15 månadar. Det han skriv om er det gale som hende på skulen.

Glenn begynte på yrkesskulen. Den verkstaden dei bruka lukta sagflis og treplankar. Det var høgt under taket. Læraren til Glenn foreslo at dei kunne ha ein lek der de skulle bli betre kjende med kvarandre. Det hadde dei begynt med på vgs. Glenn fekk vete at dei skulle gå tømrar til jul, og murar resten av året. Han hatet murarar, dei skulle få eit grundig kurs i murarpuss, stein og betongarbeid. Det likte han ikkje i det heile tatt. Glenn hadde mange problem, han stamma veldig mykje og høyrde ikkje så veldig bra. Alle elevar som var nye på skulen skulle få en omvisning der. Det vil si at man skulle bli kjend med skulen og miljøet. Dei gjekk over til Teoribygningen der vaktmeisteren og hunden hans høyrde til. De skulle helse på vaktmeisteren som sat inne på eit lite kontor. Det lukta verkeleg ille, blanding av olja og hundepiss. Etterpå gjekk dei til kantina der det var mykje god mat, og fortsetta mot kjøkenet. Klassen til Glenn fekk seg en skikkeleg omvisning. All undervisninga dei fekk var på Asylet. Det var der vaktmeisteren høyrde til. Midt i yrkesteoritimen gjekk brannalarmen. Glenn fekk dottar i øyrene, men elska lyden av brannalarmen. Det var bare en elev som hadde slått på glaset til brannalarmlutløysaren.

I en lunsjpause var det og ein brann. Det var nede i kjellaren, men lærarane fekk heldigvis slukket den. Etter en stund kom brannvesenet. Lærarane blei litt redde, dei lurde på om det var ein pyroman på skulen? Lærarane kunne ikkje forstå kven dette kunne vera, men nokon måtte det jo vera. Neste dag kom det i avisa, og Sagen hadde avisa med seg. Sagen var ein lærar. Dei fekk lesa det ein etter ein. Glenn blei tatt ut av norsktimen på grunn av brannen som var på torsdagen. Rådgivaren spurde han om mange spørsmål som hadde med brannen å gjera, men han nekta å sei at det var han som gjorde det. Rådgivaren mistenkte Glenn, for han hadde vært borti flammar før. Glenn stamma veldig mykje da han ble spurt alle de merkelege spørsmåla. Etter at han hadde blitt spurt om brannen på torsdag, gjekk han attende til timen. Det var mange som spurte om det var han som hadde tent på, og om han hadde blitt ein pyroman.

Det blei nyttår, og Glenn skulle vera heime med faren. Moren hans var i Amerika. Etter nyttårsferien skulle Glenn på skulen att. Det var ein av dei siste dagane på tømmerverkstaden. Dei hadde laga eit skur, og var så godt som ferdige med det. Dei hadde bare litt spikring og nokre boltar som skulle på plass. Då dei var ferdige, løfta dei taket oppå skuret. Til slutt blei redskapsskurane ferdige, og dei blei malt svarte.

Sjefsterroristen hadde råkjørd  og til slutt hadde han kjørd ned Kjell, hunden til vaktmeisteren. Det var nokre bein så knakk, og dei klarte ikkje å fiksa beinbrudda. Kjell måtte avlivast, og flagget var på halv stang. Sjefsterroristen burde blitt fratatt førarkortet.

Då dei skifta over til murarar blei det betre. Han syntes det var kjekt å mura. Murarverkstedet var dobbelt så stort så tømmarvekstedet. Det var herleg, og verkstaden låg i første etasje. Dei fekk mura piper, og Glenn storkosa seg. Det var veldig kjekt å mura piper. Læraren Pipen meinte at pipen til Glenn vart fin.

Tassen og Glenn vart klar til å slå til den fyste fredagen i mai. Det blei ein avtale, og hevnen skulle bli søt. Dagane gjekk, og det blei fredag. Tassen og Glenn gjorde seg klar i lunsjpausen med nokon forberedelsar. Dei gjekk mot Asylet, og mot verkstaden. Tassen opna døra til verkstaden for å sjå kor Sagen var. Dei lista seg inn og gjekk bort til trappa der jomfruburet var, og gjekk inn i jomfruburet Sagen rota i nokre papir, men merka dei heldigvis ikkje. Sagen gjekk bort etter 10 minuttar. Tassen og Glenn kom inn att til verkstaden. Dei tok opp sprayboksane, og Glenn løp bort. Etterpå spraya han på heile golvet, og hele golvet vart gult. Tassen spraya hakekors på veggar og utstyr, og ville vekk herifrå. Glenn fant fram termosen med bensinen, og tømde den over redskapsskura. Han fann fram lighteren, og tente på. Innan nokre sekundar var begge skura overtent. Tassen blei heilt hysterisk. Glenn stod så nær flammane han kunne, og så på brannen. Brannalarmen gjekk, og Tassen sprang vekk. Glenn kom omtrent rett etter Tassen. Då Glenn var ute høyrde han brannsirenar. Politiet kom og henta Glenn i 6 tiå, og han ville skriva ein lapp til faren som lå og sov. Det gjorde han, og blei kjørd til fengselet like etterpå.

Tassen som ven
Glenn syntes Tassen var heilt grei, og han lika Tassen ganske godt. Sjølv om han vart veldig frekk i munnen, og fortalde dei grovaste vitsane han hadde. Tassen virka så liten og ufarleg, og i grunn ganske ålreit.

Min meining om boka
Eg syntes dette var ei god bok, veldig kjekk å lesa. Boka vart  ganske interessant og eg lika ho godt. Det vart mykje som hende, og det var og  mykje spennande. Det er ei bok som er kjekk å skriva om, og som kan anbefalast til andre.

1 kommentar: